 |
| Bukken oppe i Bjåstadlia |
 |
| Bukken kviler til i morgon |
 |
| Asle med første bukken vår på Bjåstad |
I dag var det Bjåstad som stod på programmet. Asle og Tormod gjekk opp Bjåstadalen, der Tormod skulle posterte like ved Fjellstødl og Asle var på toppen av "Kløvjinga" (fare for at namnet er feilskrive). Karane var på veg opp då Ove såg ein bukk stå litt høgre enn midtlides. Ove tok bilete av bukken med mobiltelefonen, med god hjelp av kikkerten, og sendte bilete til dei som var på veg til postane sine. Det blei bestemt at Ove skulle prøve å få dette dyret framover mot dei andre. Etter at karane var komne på postane sine, starta Ove med jaginga opp og fram over Bjåstaddalen. Det skulle ta si tid, 25-30 cm med nysnø i brattlendt terreng tek på. Om lenge og lenger enn lenge kom det melding frå Tormod om at bukken og ei fjorkolle kom mot han. Like før han skulle skyte snudde dyra, fjordyret i retning Ove att medan bukken byrja å gå oppover mot toppen der Asle sat. Det gjekk nokre minuttar så gjekk det eit skot og Asle meldte at han hadde skote ein passeleg bukk. Etter utvomming var det å byrje å dra dyret nedover dalen. Ove var tømt for energi, eller var det enersji det heitte ;-) og starta på returen frå Fjellstødl medan Asle og Tormod slepa dyret så langt ned som dei kunne før det blei for mørkt, deretter pakka dei dyret inn i Jerven King Size duk og returnerte ned.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar