 |
Mira til Iselin og Mikkel ville vera med på bilete og :-) |
Endeleg fullmåne og skyfritt! Asle og Ove kom inn til Supphelledalen i 19 tida i kveld.
Asle gjekk til Daurmåla medan Ove gjekk inn i Vetleløa. Første timen kom det
ikkje dyr korkje i Daurmåla eller ved Vetleløa men kl 20:30 vart Ove vâr eit dyr
som kom ned ved Litimoråkeren. Dyret kryssa vegen og hadde dårleg tid, ei lita
stund etter var dyret på veg ned i retning mot skogen ved Storelva, Ove ropte
men dyret ville ikkje stoppe, så hoppa dyret over kanalen ved Slåttao, då stoppa
det opp eit øyeblikk og dermed smalt det. Dyret sprang så i full kave i 25-30
meter før det gjekk ned. Så var det til å slakte, grunna det kalde været tok me
med oss dyret inn att til Sogndal med ei gong slik at me fekk det inn i ein
garasje om dermed hindre at avkjølinga gjekk for fort.
Stor takk til Iselin som var fotograf, Mikkel som ordna med hengar og til Gunnar som kom med traktor og køyrde dyret ned til Neset!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar