 |
| Tormod med første dyret oppe i Merkjesgrova |
 |
| Johannes er komen for å frakte jegerar og kolle til Bjåstad |
Då var det dags til å prøve eit jag på Bjåstad og
utover fjorden, Tormod og Ove blei skyssa av Johannes med båt ut til
Merkjesgrovi. Tormod og Ove gjekk opp og posterte, medan Asle og
Trygve jaga frå Besselva og ut fjorden. Det gjekk ei heil tid før
Ove blei vâr eit dyr som hadde retning rett mot Tormod. Ove gav
Tormod beskjed om at det kom eit einsleg dyr mot han, men det varte
før ho kom fram til han. Blant anna klarte ho først å løyse ein stor stein som
gjekk kast i kast nedover mot Ove, steinen var ca ein meter lang, dette
gjekk bra, steinen passerte Ove med 4-5 meter. Deretter blei kolla
ståande i noko bas ei lita stund før ho kom ut i det opne mot
Tormod. Men så kom ho ut i det opne og dermed datt kolla. Karane tok kolla heil nedatt til fjorden,
der Johannes alt var på plass for å frakte dyr og jegerar inn att
til Bjåstad. Flott jaktdag og eit vellukka jag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar