 |
| kalven og kolla komen til Bjåstad |
 |
| Ove leitar etter kalven |
 |
| Her ligg kalven ute i elva |
 |
| Kalven er berga på land |
Vi hadde tenkt å jage utover mot Merkjesskrea i dag,
men problem med båtstransport, samt at jaktlaget utanfor oss hadde
tenkt å jage inn mot same skrea, gjorde at vi måtte skifte om
på planane våre. Vi satsa derfor på å kikre opp dyr i Bjåstadlia og
etter ein halv time såg Tormod og Ove, kolle, kalv og bukk. Då
var det å planlegge framdrifta på jaget. Ove meinte han måtte kome
seg ein del over dyra, elles var han redd for at dyra vill forsvinne rett til topps og
ikkje framover mot elva der Tormod skulle postere. Etter ein time
var Ove komen over dyra og fekk dei framover mot posten til Tormod.
Då Ove var i underkant av 100 meter frå der karane hadde sett dyra, gjekk
det eit skot framme i elva, Ove venta spent og etter nokre sekundar gjekk det eit skot til, kom det endå eit skot mon tru? Nei, det
blei med to, deretter kom Tormod inn på radioen og sa; "
Detta gjekk
omtrent slik me hadde planlagt men det blei med to, bukken fekk eg
ikkje skote, han kom aldri ope ut mot meg". Ove gjekk no framover mot posten til Tormod, då han var komen fram sa Tormod, som posterte på andre sida av elva, at Ove måtte finne dyra i juletreskogen. Ove fann fort kolla men kalven klarte han ikkje å finne, han leita lenge og lenger enn langt men kalven fann han ikkje same kva han leita, etter minst ein halv time med uforretta sak sa Tormod at han ville kome over elva for å hjelpe til med leitinga. Sidan elva var rimeleg stor, pga all smeltinga av snøen, så måtte han gå eit godt stykke nedover til ei bru, då Tormod hadde gått nedover ei stund kom han inn på radioen og sa: "
Ove du treng ikkje å leite meir eg fann kalven." Langt der nede, minst 200 meter frå der han var skoten, låg kalven midt ute i elva. Dette skulle bli noko å få tak i kalven, men Tormod, som har kasta lasso i Junaiten, kasta lasso og fekk toget rundt kalven og fekk halt den inn på land. Dermed hadde karane kontroll på begge dyra og kunne starte utvomminga, Ove tok seg av kolla medan Tormod tok kalven. Etter utvomminga tok Tormod kalven og surra den fast i Badlandssekken sin og gjekk/kraup/krabba nedover med kalven i sekken. Var nok i tyngste laget men det gjekk bra, etterpå kom han oppatt til Ove for å få kolla ned til tuns. Det siste gjekk eigentleg betre enn dei i utgangspunktet hadde tenkt. Karane hengde no dyra opp på lovebrua til Johannes og dermed var ein kjempedag på jakt over og karane for heim att til Sogndal.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar