| Dette er vel det raraste bilete vi har av ein hjort, trur Trygve skulle ha gått på eit fotokurs ;) |
På denne bloggen vil du finne innlegg om forskjellige fiske- og friluftslivturar eg har vore med på, vidare vil du finne ein god del innlegg frå hjortejakta til jaktlaget eg er med i.
lørdag 6. september 2014
Årets første på Berge
Trygve ringte Ove og sa han ville ta seg ein tur opp på Endrefjellet for å ta opp teltet sitt for å få dette på plass til overnatting i samband med jakta. "Eg tek med rifla" sa han. Tormod og Ove reiste på Fjellstødl i Supphelledalen og hadde fylgjeleg ikkje kontakt med Trygve via mobil eller på VHF denne kvelden. Klokka 22:34 tikka det inn ein melding frå Trygve og der stod det: "Mykje vind på Endre i kveld. Såg lenge på eit dyr borti der som Asle gjekk i fjor. men dette ville ikkje ned. Så kom det ei passande fjorkolle og den datt". Fjorkolla var flott og det første dyret i år som vi har skote og som ikkje var skrapdyr (45 kg), denne var nærare 49 kg. Dagen etter reiste Asle og Trond Fritzon opp å henta dyret, så då Tormod og Ove returnerte frå Supphelledalen etter overnatting var dyret allereie komen i garasjen til Asle.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar