| Denne ungkolla blei det siste av dei tildelte kolledyra i Supphelledalen dette året. |
På denne bloggen vil du finne innlegg om forskjellige fiske- og friluftslivturar eg har vore med på, vidare vil du finne ein god del innlegg frå hjortejakta til jaktlaget eg er med i.
onsdag 10. september 2014
Ei ungkolle blei årets siste kolledyr i Supp. i år
Ove kom inn i Supphella i 19-tida for å prøve seg på måneskinnsjakt. Då han vel
var komen på plass såg han eit kolledyr høgt oppe framom Merkjeshammaren. Dette
trekte etter ei tid heimover og vart borte for han. Etter å ha site på post i
nokre timar vart han vâr nokre rørsler i skogkanten, han meinte han kunne skimte
2 dyr men sikker var han ikkje. Månen kom seint, først kl 02:30 kunne han sjå
godt. Like etter at månen kom såg han 2 koller, ei ungkolle og to kalvar, alle
stod dei å beita i skogkanten, noko som gjorde at det var uråd å skyte på desse,
haldet var dessutan for langt. Omlag kl 4 forsvant alle dyra og det var berre å
vente. Klokka lei til halv 7 då Ove tenkte på å avslutte, men brått kom det ei
einsleg ungkolle ruslande og dermed blei det utvomming og slakting i staden for
heimreis
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar