I dag skulle Ina, Finn, Gaizo og Ove ha seg ein tur til Middagshaugen i Fjærland. Dagen starta med at Ove, i saman med Tormod, skulle jage Hovdali og voneleg losa dyr fram mot Endrefjellet der Trygve hadde lege i telt om natta. Blei ingen dyr å få fram så Trygve og Tormod returnerte til Sogndal medan vi andre gjekk vidare litt innover Endrefjellet, opp Skrefjellet og fram ryggen til Middagshaugen. Ein flott tur og ein formidabel utsikt frå toppen. Været var noko kjøleg så me stoppa ikkje så altfor lenge på toppen før me gjekk ned til Neset (grensa mellom Horpedalen og Berge) og over Endrefjellet og ned att til Berge.
På denne bloggen vil du finne innlegg om forskjellige fiske- og friluftslivturar eg har vore med på, vidare vil du finne ein god del innlegg frå hjortejakta til jaktlaget eg er med i.
Viser innlegg med etiketten Fjellturar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fjellturar. Vis alle innlegg
lørdag 16. oktober 2010
Middagshaugen
I dag skulle Ina, Finn, Gaizo og Ove ha seg ein tur til Middagshaugen i Fjærland. Dagen starta med at Ove, i saman med Tormod, skulle jage Hovdali og voneleg losa dyr fram mot Endrefjellet der Trygve hadde lege i telt om natta. Blei ingen dyr å få fram så Trygve og Tormod returnerte til Sogndal medan vi andre gjekk vidare litt innover Endrefjellet, opp Skrefjellet og fram ryggen til Middagshaugen. Ein flott tur og ein formidabel utsikt frå toppen. Været var noko kjøleg så me stoppa ikkje så altfor lenge på toppen før me gjekk ned til Neset (grensa mellom Horpedalen og Berge) og over Endrefjellet og ned att til Berge.
søndag 4. oktober 2009
Jakttur som blei fjelltur
I dag starta Trygve og Ove med å prøve seg på Beitabakken/ Daurmåla. Det var sett ein bukk her i går men i dag tidleg hadde nok denne teke seg ein tur til ein annan plass.
Etter dette vart det ein tur oppe i Ali (vestsida av Supphelledalen, langt heime i dalen). Her såg me ei kolle og ein kalv som nærast klatra oppover fjellsida, "du tror det ikke før du får se det" passar godt her!
I denne delen av jaktterrenget vårt hadde me tidlegare ikkje vore så høgt, me gjekk forbi Knodl og Oksli (grensa for terrenget vårt) og vidare oppover, me fann ut at jakt fekk vere jakt og så tok me oss ein fjelltur i staden. Flott terreng og sikkert fint å jakte for dei som har løyve til det men for oss så blei det ein flott fjelltur. Me såg rikeleg med badedammar og brundelukta slo i mot oss mange stader men dyr såg me ikkje her oppe. Høgt oppe fann me også ei felle, ei rimeleg stor ei til levande fangst men fella var øydelagt.
På det øverste bilete ser ein i retning Raunehaugen
På bilete nr 2 ser ein ned i Daurmåla og vidare frametter til Stølsskrea og Svartøyadn
Det nederste bilete viser fella me fann.
(klikk gjerne på bileta for å få dei i stort format)
søndag 30. august 2009
Jarbruene
På fredag reiste Henny, Gaizo og eg opp på hytta til Sogndal Jeger- og Sp.fiskarlaget. Været var ikkje det beste og verre skulle det bli! På laurdag kom Aleksander på besøk for å fiske og overnatte med oss. Aleksander og eg prøvde å fiske det beste me kunne men resultatet stod på ingen måte i stil med innsatsen, berre ein einaste aure :-( Det regna og blåste noko heilt forferdeleg, på det verste så byrje det sågar å sludde! Men på trass av det ufyselege været hadde me det koseleg inne i hytta med kortspeling, god mat og drikke.
Bilete tok eg først på returen nede ved Speidarhytta, gjekk mest ikkje an å ta det før pga. det omtalte været.
Dette var forresten første gangen Gaizo var på Jarbruene/Fageregga
tirsdag 11. august 2009
Kyrkjedalsvotni
torsdag 18. juni 2009
Åberge - Bjedlastødl
tirsdag 16. juni 2009
Jaktlaget Treff frå Hovland på tur i Supphelledalen
Då var turen komen til at jaktlaget Treff og Petra tok turen saman med Ove og Gaizo til Strunka og Mikkelstødl. Me reiste inn i 6-tida om ettermiddagen og kom heim att i 1/2 12-tida. Flott vær og fin tur. Oppe i Idlebakkane fekk me sjå ei stor kolle som sikkert hadde kalv i nærleiken men den såg me ikkje. Kåre meinte at det var best dei held seg til jakta på Hovland på Kaupanger, då det var i mesta laget med terreng i Supphelledalen :-) Då me kom ned att til Vetleløa såg me kolle og fjorkolle som gjekk heilt nede ved skogen.
Gaizo var som vanleg heilt roleg på turen, han gjekk heile tida ved fot slik hundar skal gjera. Eg forstår ikkje heilt Karstein som meinte eg burde gi han valium så kanskje han kunne ta det litt meir med ro :-)
søndag 14. juni 2009
Mikkelstødl og Fjellstødl
Henny, Aleksander, Gaizo og Ove tok turen til Strunka og Mikkelstødl i dag. Etter ein stopp i Strunka, der Ove sette av ein saltstein, gjekk turen opp til Mikkelstødl. Der oppe, like ved saltsteinen vår, stod det ein fin spissbukk. Det er ikkje så ofte ein får sjå hjort midt på dagen men denne hadde sikkert nett vorte jaga vekk av mora si då ho fekk årskalven sin.
Asle og Tormod har i dag rydda stien frå Mikkelstødl til Myrhaug.
tirsdag 9. juni 2009
Nuken
I dag tok me oss ein tur til Nuken, den første for året og den første for Gaizo nokon gong. Isen var gått på alle vatna men eg klarte ikkje å sjå noko vaking. Sauene var endå ikkje komen i fjellet så Gaizo fekk gå fritt der oppe, noko han ikkje hadde det minste i mot. Ein gauk heldt på med å kalle på maken. Han sat i ein tretopp ca 30 meter frå oss. Elles lite med vilt og fugl i dag. Ein liten hjort hadde gått i snøen halvveges oppe, det var alt.
onsdag 3. juni 2009
Gaizo på taket av lavvoen på Berge
Trygve, Tormod, meg og Gaizo har hatt oss ein ettermiddags/ kveldstur til lavvoen vår mellom Fjellstødl og Midtstødl på Berge. Me såg bra med hjort i kveld, blant anna ein stor bukk som allereie hadde fått horn som minst var 60 cm lange, han var prektig der han gjekk å beita eit godt stykke oppe i Storali.
søndag 24. mai 2009
Mikkelstødl/Fjellstødl/Stølsskrea
Det blei tur i dag og saltsteinen er komen på plass i Stølsskrea. Ingrid Berge, Henny og eg tok turen inn. Etter at me hadde vore på Mikkelstødl laga eg middag til damene og meg sjølv. Maten blei sjølvsagt innteken på frukoststeinen vår. Gaizo var seg sjølv lik og hoppa ut i Storelva to ganger frammom Idlebakkane, han hadde problem med å kome seg opp att men det gjekk fint til slutt, nesten så eg trur Henny hadde tilløp til lettare panikk ei stund. Flott tur sjølv om eg ikkje såg ein einaste hjort i dag.
onsdag 20. mai 2009
Nok ein tur til Hølsete
Det blei ein ny Hølsete tur i dag. Flott vær og temmeleg mykje folk der oppe no på ettermiddagen. Gaizo måtte som vanleg bade, akkurat det kan ikkje seiast å vera noko nytt. Han klarte å få på land eit heilt lite tre som var ute i tjødna. Arbeidde lenge og vel med det og ga seg ikkje før han hadde fått det på land. Kvifor han absolutt skulle ha det på land sa han ikkje noko om, men på land kom det ;-) Bilete er av ein noko blaut hund etter arbeidsøkta med treet.
lørdag 16. mai 2009
Mikkelstødl
mandag 4. mai 2009
Gaizo badar
Gaizo fann ut at den kunne vera noko interessant å finne på botn i tjødna på Hølsete i dag. Han var ikkje verre enn at han hoppa uti og regelrett dykka på det djupaste. Elles så såg eg ei ørn der oppe i dag, den hadde eit bytte i nebbet men eg klarte ikkje å sjå kva det var. Takka vera mobilcamera vart det sjølvsagt ikkje noko bilete av det endå ho kun var ein 15-20 m frå meg på det næraste. Eg trur Sony, Nokia og dei andre har ein del å gå på for å få mobilcameraene til å kunne ta bilete noko raskare.
onsdag 29. april 2009
Oppe i Drogi
søndag 26. april 2009
Rudsvika
Eigentleg skulle me ikkje ha noko tur i dag men me havna no i Rudsvika likevel. Såg ikkje ein einaste hjort, kun to niser ved land. Fint det og men hjort er det jo ikkje ;-) Gaizo meiner bestemt at Sognefjorden egnar seg veldig bra til å dykke i, han syømte og "dykka" fleire ganger for å få opp litt tang.
lørdag 25. april 2009
Utsikten under Nilsaholten
Kåre, Petra og Gaizo slappar av på benken på Utsikten under Nilsaholten. I dag såg me både havørn og falk på turen.
torsdag 23. april 2009
Hølsete
Måtte prøve å sende til bloggen min direkte frå Hølsete, det ser ut som om det gjekk berre bra. I utgangspunktet berre meint som ein test men det ser ut som om det funka veldig bra
tirsdag 21. april 2009
Hølsete
søndag 19. april 2009
Loftesnesfjellet
Henny, Gaizo og eg har hatt oss ein fin tur oppå Loftesnesfjellet. Gaizo fekk opp ein tiur som sat ikkje så langt frå vegkanten, ei stund etterpå letta det ei orrhøne noko lengre inne i retning Barsnes. Elles så såg me bra med hjortespor høgt oppe i fjellet, nokre heilt ferske, så det virkar som om det ikkje er så lenge til trekket startar. Flott tur, varmt og godt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
