søndag 4. oktober 2009

Jakttur som blei fjelltur




I dag starta Trygve og Ove med å prøve seg på Beitabakken/ Daurmåla. Det var sett ein bukk her i går men i dag tidleg hadde nok denne teke seg ein tur til ein annan plass.

Etter dette vart det ein tur oppe i Ali (vestsida av Supphelledalen, langt heime i dalen). Her såg me ei kolle og ein kalv som nærast klatra oppover fjellsida, "du tror det ikke før du får se det" passar godt her!

I denne delen av jaktterrenget vårt hadde me tidlegare ikkje vore så høgt, me gjekk forbi Knodl og Oksli (grensa for terrenget vårt) og vidare oppover, me fann ut at jakt fekk vere jakt og så tok me oss ein fjelltur i staden. Flott terreng og sikkert fint å jakte for dei som har løyve til det men for oss så blei det ein flott fjelltur. Me såg rikeleg med badedammar og brundelukta slo i mot oss mange stader men dyr såg me ikkje her oppe. Høgt oppe fann me også ei felle, ei rimeleg stor ei til levande fangst men fella var øydelagt.

På det øverste bilete ser ein i retning Raunehaugen

På bilete nr 2 ser ein ned i Daurmåla og vidare frametter til Stølsskrea og Svartøyadn

Det nederste bilete viser fella me fann.


(klikk gjerne på bileta for å få dei i stort format)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar